![]() |
Eit møte
Stiklestad-tonane: dikt 1961.
Du møter ein ungdomsven. Du kjenner han ikkje att Det er ingen gneiste i auga som ser på deg. Handtrykket visnar, det dovnar og døyr for dykk. Du ser han er ein annan, ein langframand ein. Du møter ein til. Auga hans strålar som sist, for lenge, lenge sidan! Handa hans er fast i taket, trufast og sterk og varm. Han hugsar då vi leika med runde steinar til hestar. Og brått bryt han ut: "Hugsar du då vi fiska, datt ned i bekken og vart blaute? Og la att dei dyvåte klefillan` ute?" Smilen hans er som før, den same! Glad du går frå møtet med han. Då stivnar brått di glede til is: D u   s j ø l v   e r   e i n   a n n a n ! Den siste du møtte såg det, men sa ingen ting! Den fyrste såg det, men   t i l g a v   d e t   i k k j e ! No skjønar du dei båe — og tilgjev alt. For du er sjølv ein annan. |
![]() |
skrevet av Bjarne Slapgard
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |